Sylvia Pedlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvia Pedlar
Statsborgarskap USA
Fødd 1901
Død

26. februar 1972 (70 år)

Yrke motedesigner

Sylvia Pedlar (1900–1972) var ein amerikansk moteskapar som særleg utforma underklede.[1] Ho er den einaste designeren som har vunne Special Coty Award fleire gonger, i både 1951 og 1964.

Ho var fødd som Sylvia Schlang i New York i 1900, og studerte kunst ved Cooper Union og Art Students League of New York før ho blei gift med William A. Pedlar.[1] I 1929 skipa ho si eiga forretning, Iris Lingerie, som ho leia heilt til han blei stengd i 1970.

For å oppnå suksess la Pedlar vekt på høg kvalitet i produkta sine heller enn å tilsetja mange salsfolk eller kjøpa reklame.[2] Ho har fått æra for å skapa superkorte babydoll-nattkjolar tidleg på 1940-talet som response på tekstilmangelen under andre verdskrigen, sjølv om ho sjølv hata nemninga "baby doll" og nekta å bruka henne.[3] Ein av dei best kjende verka hennar var ein toga-inspirert neglisjé som var lett å ta av, og særskild laga for kvinner som sov nakne. Ho brukte toga-temaet gjennom heile karrieren sin,[4] med ein neglisjé som blei prominent vist i 1962 både i Life og Harper's Bazaar.[5] Ho omarbeidde også viktorianske stilar som den tradisjonelle Mother Hubbard-nattkjolen i flannell, som ho i staden fekk laga i tynn bomull, og reproduserte kvitsaumsbroderi frå 1800-talet med maskin i ein så høg standard at produkta hennar kunne måla seg med luksuriøst, handlaga fransk undertøy.[6] Det finst døme på Pedlar sine arbeid ved Costume Institute, og arkivmateriale frå 1946-1967 ved Fashion Institute of Technology.[1]

Pedlar døydde i New York i 1972.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Sylvia Pedlar collection, 1946-1967». ArchiveGrid. Henta 2. juni 2015. 
  2. Bender, Marylin (17 December 1963). «Lingerie Can Be Sensibly Elegant». The New York Times.  (Cited by Blausen.)
  3. Blausen, Whitney. «Sylvia Pedlar». Fashion Encyclopaedia. Henta 2 June 2015. 
  4. Staff writer. «Printed nightgown by Sylvia Pedlar, 1955». The Collection Online. Metropolitan Museum of Art, New York. Henta 2 June 2015. 
  5. Staff writer. «Negligée by Sylvia Pedlar, 1962». The Collection Online. Metropolitan Museum of Art, New York. Henta 2 June 2015. 
  6. Staff writer. «Nightgown and bedjacket by Sylvia Pedlar, 1955». The Collection Online. Metropolitan Museum of Art, New York. Henta 2 June 2015.