Tåre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For planten kalla tåre, sjå fuksia.
Tåre som renn frå eit auge.

Tårer er ei klar, svakt salthaldig væske som vert utskild frå tårekjertelen ved auget og er viktig i vern og vedlikehald av dei ytste augehinnene. Tårene held bindehinna og hornhinna på overflata av auge og innsida av augeloket fuktig og minskar friksjonen mellom dei når ein blunkar, og tilfører henne oksygen frå lufta. Dei tilfører området nærings- og antistoff og vernar det mot bakteriar og framandlekamar.

Vanlegvis blir tårer førte tilbake til kroppen gjennom tårekanalen, men når det er mykje av væska kan noko av henne renna ut frå auget som ei eller fleire tårer. Dette kan skje ved sterke sinnstemningar, som glede, sinne, sorg og så vidare, ofte ved at ein gret. Ein kan også få overflod av tårer gjennom overproduksjon eller ein tett tårekanal. Både dette og underproduksjon av tårer kan vera symptom på, eller føra til, sjukdom.

Utskilling av tårer[endre | endre wikiteksten]

Tåresystemet. a) Tårekjertlar
b-c, e-f) Tårerøyr d) Tåresekk g) Tårekanal

Kjertlar i bindehinna og under augeloket dannar tårer. Tårevæska inneheld salt- og feittstoff og slim, antistoff og enzym som fosfolipase A og lysozym. Tårene blir fordelt utover auget når ein blunkar. Tårer som ikkje fordampar blir ført ved hjelp av tårerøyr (canaliculi lacrimalis) til den indre augevinkelen, like ved den indre augekroken ved nasen. Her blir overflødig tårevæske ført til tåresekken (saccus lacrimalis) og så gjennom den litt større tårekanalen (ductus naso-lacrimalis) til nasehola.

Sjukdommar[endre | endre wikiteksten]

Tåreflod (epifora) finn stad når ein har tett tårekanal. Dette kan føra til augekatarr (konjunktivitt) eller tåresekkbetennelse (dakryocystitt).

Nedsett tåreproduksjon kan skada hornhinna og dermed synet. Om ein skil ut for lite tårer er det mogleg å dryppa tåreerstattingsvæske på auget fleire gonger om dagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tåre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]