Télévision Nationale d’Haïti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Télévision Nationale d'Haïti (TNH) er den statlege fjernsynskringkastaren i Haiti. Han vart stifta 23. desember 1979 under Informasjons- og koordineringsdepartementet, og var den andre fjernsynsstasjonen i Haiti etter Télé Haïti (som hadde kanal 2 og 4, der den sistnemnde var på engelsk). TNH sender både på fransk og haitisk.
I 1987 vart han slått saman med den statlege Radio Nationale til eit nettverk som vart kalla RTNH (Radio Télévision Nationale d’Haïti) og i 1995 tok Kulturdepartementet i Haiti over nettverket.
Kjelder [endre]
- «Télévision Nationale d'Haïti» på Wikipedia på engelsk, innhenta 29. april 2011.