Taiwanske urfolk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein rukaihøvding besøker antropologiinstituttet på Tokyo keisarlege universitet under tida då Taiwan var japansk styrt.
Kvinne frå bununfolket like før ein danseopptreden i 1989. (Foto: Jeremy Kemp)
Urfolket på Taiwan er eit austronesisk folkeslag som er etterkommarar av folket som budde på øya Taiwan før Han-folket kom dit som innvandrarar på 1600-talet.
Dei fleste stammane som vert rekna som urfolk av Republikken Kina bur i høglandet på Taiwan og snakkar ulike formosiske språk, som vert rekna som ei grein av dei austronesiske språka. I 2004 var det til saman om lag 400 000 innbyggjarar som høyrde til desse stammane. Dette utgjer rundt 2 % av innbyggjarane på Taiwan.
Bakgrunnsstoff [endre]