Urfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein inuittisk familie frå Alaska.

Urfolk er folkegrupper og etterkomarane av desse som har levd i eit område før det blei kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med majoriteten i landet.

Dei fleste urfolk har historisk blitt jaga, plaga og tvungne til å bli likare majoriteten. Mange urfolk har òg det til felles at levemåten deira nyttiggjer seg naturen på ein allsidig, lite forstyrrande måte, og det blir derfor gjerne sagt at dei lever «i pakt med naturen».

Det finst rundt 300 millionar menneske som kan kallast urfolk i verda i dag.[1]

Haldningar[endre | endre wikiteksten]

Historisk har urfolk blitt sett på som uutvikla villmenn som mangla både sivilisasjon og verdi. Dette var særleg vanleg under den europeiske koloniseringa av verda, og blei brukt til å rettferdiggjera at europearane kom og tok over styret i dei mange koloniane sine.

Med Jean-Jacques Rousseau og romantikken kom eit anna syn på urfolk. Dei blei sett på som «edle villmenn», naturmenneske som ennå ikkje var blitt øydelagde av samfunnet. Medan ein før hadde vilja sivilisera urfolka byrja mange nå å tru at urfolka hadde mykje å læra frå seg. Med den nye vitskapen antropologi byrja ein å studera levesetta deira på ein systematisk måte.

Dette meir positive synet på urfolk byrja å spreia seg frå dei intelektuelle til samfunnet generelt etter den første verdskrigen, som hadde vist at den europeiske sivilisasjonen ikkje var så storarta som ein tidlegare hadde hevda. Urfolk fekk fleire rettar, men det gjekk sakte, og forttsatt blir mange urfolk sett ned på og er blant dei fattigaste i landa dei bur i.

Nokre av verdas urfolk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lister over urfolk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]