Tallus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thallus av Metzgeria furcata i mikroskop.

Tallus eller thallus er ei nemning på lekamen eller plantelekamen hos lav, algar og planteliknande organismar som ikkje dannar rot, stengel og blad slik planter vanlegvis gjer.

På enkelte lavartar kan talluset vere skorpeforma og så hardt festa til underlaget at det er vanskeleg å få det losna. Andre artar, typiske bladlavartar, har gjerne eit bladliknande tallus - meir eller mindre innskore, med tydeleg skilnad på over- og undersida. Desse er ofte lausare festa til underlaget med eit eller fleire festepunkt.