Tamburin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamburin.

Tamburin (fransk diminutiv av mellompersisk tambur, 'tromme, lutt') er eit rytmeinstrument danna av ei einfelltromme montert på ei rund ramme som også har festa par av små metallskiver i sidene. Ein slår typisk på tromma med handa. Metallskivene lagar lyd når tamburinen blir slått eller rista, eller når ein stryk ein finger, som regel tommelen, rundt sida av trommeskinnet.

Tamburinen høver til rytmisk akkompagnement og improvisasjon. Han blir brukt til mange ulike typar musikk, som folkemusikk, janitsjar-, orkester- og populærmusikk og ein del kyrkjemusikk.

Tamburinar finst i ulike storleikar og utformingar. Ramma er tradisjonelt av tre, men kan også lagast av plastikk. Det finst også tamburinar utan trommeskinn, berre med metallskiver.

Instrumentet er kjend frå gammelt av i Kina, India og Midtausten. Det kom med romarane til Europa og blei vanleg blant spelemenn frå mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tamburin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]