Tamrein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamrein i Rapadalen i Lappland i Sverige.
Rein som trekkdyr i Russland. Fotografi frå rundt 1900.

Tamrein er rein haldne som husdyr av menneske. Reindrift er blitt starta opp ved at ein har gjeta rein og etterkvart merkt og til ein viss grad avla på han. Det er ingen genetisk skilnad mellom villrein og tamrein. I Noreg er det samisk reindrift frå Hedmark og nordover. Også i dei norske villreinområda har det tidlegare vore drive reindrift, enno er det fire tamreinlag i Sør-Noreg. Villrein og rein som har vore tamrein kan difor ha blanda seg i mange område, slik dei har gjort det på Hardangervidda.

Rundt år 1900 var det om lag 100 000 tamrein i Noreg. I 2003 blei talet estimert til vel 200 000 dyr. 70 % av tamreinen er i Finnmark. Mangel på vinterbeite, uro på kalvingsplassane og tap til rovdyr, spesielt jerv, er dei største problema for reindriftsnæringa.

Tamrein på verdsbasis[endre | endre wikiteksten]

Nordisk råd[1] anslo i 2004 at den totale tamreinbestanden i verda var på ca. 1,8 millionar dyr, ca. 1,2 millionar (2/3) av desse lever i Russland. I Russland er det spesielt nenetsarane som driv reindrift, men også russiske samar og vepsarar bidreg til det store tamreinhaldet.

I Sverige var tamreinstammen[2] på ca. 220 000 dyr i år 2000, fordelt på ca. 4 700 reineigarar. Ca. 3 700 av desse var samar. Talet på tamrein varierte mellom 160 000 og 300 000 dyr på 1990-talet.

Reindrift som livsgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Tørka reindsyrkjøt.

Reinen har alltid vore viktig for samane, først som jaktbytte, sidan ved moderne, men narurnær reindrift. Samane har brukt køyrerein, og dei har fått mat, mjølk og klede frå reinen. Pelshåra til reinsdyra er hòle, slik at dei isolerer godt mot ver og vind. Klede og sko vart før gjerne sydd med sener frå dyret. Av geviret har samane tradisjonelt laga både reiskap og pyntegjenstandar.

Samar og andre urfolk har rike tradisjonar med reinkjøtt som matkjelde. Mange har enno reinkjøtt som den viktigaste proteinkjelda. For at kjøttet skulle kunne brukast utover heile året, vert det ofte salta, tørka eller røykt. Tradisjonelt har hele dyret vorte utnytta. Innmat, margebein og såkalla gumppus (blodkaker og blodpølser) reknast som delikatesser i det samiske kjøkkenet. Ein av dei mest kjende samiske matrettane er bidos, ein kjøttsuppe kokt på mykje reinkjøtt og lite vatn. Også finnbiff/reinskav er ein populær kjøttrett laga av strimla reinkjøtt.

Reinsdyrkjøtt er svært magert samanlikna med anna mørkt kjøtt. Det inneheld omkring 4 % feitt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tamrein