Tatjana Lebedeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatjana Lebedeva


Verkeleg namn Татьяна Романовна Лебедева
Statsborgarskap Russland
Fødd 21. juli 1976 (47 år)
Sterlitamak
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Venskapsordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Æresordenen

Tatjana Romanovna Lebedeva (fødd 21. juli 1976) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sterlitamak i Basjkortostan som tevla i både lengdehopp og tresteghopp. Ho vann gullmedaljar i tresteghopp under VM 2001 og 2003 og EM 2006. I lengdehopp vart ho olympiske meister i 2004 og verdsmeister i 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lebedeva tok sølvmedaljen i tresteg under Sommar-OL 2000 i Sydney med eit hopp på 15,00 m, Tereza Marinova frå Bulgaria vann med 15,20 m. Året etter vart Lebedeva suveren verdsmeister i tresteg med 15,25 m, sølvmedaljøren Françoise Mbango Etone stoppa på 14,60 m. Lebedeva og kamerunske Etone vart nummer ein og to også i den neste verdsmeisterskapen, då det i Edmonton i 2001 skilde det tretten cm mellom dei, Lebedeva vart målt til 15,18 m.

Under olympiaden i Aten i 2004 tok Lebedeva bronse i tresteg, og gjekk heilt til topps i lengdetevlinga. I lengdegropa vart ho målt til 7,07 m, hennar russiske landskvinner, Irina Simagina og Tatjana Kotova tok sølv og bronse, begge med 7,05 m i sine bestehopp.

Før sjette og siste omgang i trestegtevlinga under EM i friidrett 2006 i Göteborg låg Lebedeva på tredjeplass med 14,92 m. I sitt siste forsøk smelte ho til med 15,15 m og tok gullmedaljen med 10 cm margin. Året etter fekk Lebedeva med seg heim ein gullmedalje og ein sølvmedalje frå VM i Osaka. Med 7,03 m vann ho ein rimeleg klar siger i lengdehopp, medan 15,07 m i tresteghopp var 21 cm for lite i høve til gullvinnar Yargelis Savigne frå Cuba.

Også under sommarleikane 2008 i Beijing vann Lebedeva to medaljar, begge i sølv. Trass i sterke 15,32 m måtte ho sjå seg overgått av Etone i tresteghopp¨med sju cm. I lengdehopp landa ho på 7,03 i siste omgang, ein centimter bakk vinnarhoppet til Maurren Maggi frå Brasil. I sin siste seson vart Lebedeva nummer seks i tresteg under verdsmeisterskapen i Berlin, før ho avslutta som sølvmedaljør i lengde med 6,97 m, 13 cm bakom verdsmeisteren Brittney Reese frå USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]