Cuba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Cuba

(norsk: Cuba, cubansk)

Det cubanske flagget
Flagg
Nasjonalsong «La Bayamesa»
Motto spansk: Patria y Libertad
Geografisk plassering av Cuba
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Havanna
Styresett
Sosialistisk republikk
Raúl Castro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
110 860 km² (105.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
11 075 244 (74.)
99,9 /km² (73.)
Sjølvstende
Frå Spania
10. oktober 1868
Nasjonaldag 1. januar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
114 100 mill. USD (66.)
9 900 USD (86.)
Valuta Cubansk peso
Tidssone UTC -4
Telefonkode +56
Toppnivådomene .cu


Cuba (eller Kuba), den største staten i Karibia, er ein republikk og ei øy som ligg i overgangen mellom Mexicobukta, Det karibiske havet og Atlanterhavet. Landet er velkjend for å vera under sosialistisk styre og handelssanksjonar frå USA.

Kart over Cuba (trykk på kartet for større versjon)

Landet ligg sør for Florida i USA og Bahamas, vest for Turk og Caicosøyane og Haiti, aust for Mexico og nordvest for Caymanøyane og Jamaica. Namnet Cuba skal ha kome frå tainoordet cubanacán, som tyder 'sentral stad'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska, kalla guanajatabeyes, kom til Cuba om lag 10 000 f.Kr. Siboneyane, som framleis heldt til på øya då europearane kom, vandra inn om lag 1000 f.Kr. Den siste folkegruppa, tainoane, kom til frå Hispaniola rundt 1100, med ei ny bølgje rundt 1450.

Europearar gjekk i land på øya for første gong den 28. oktober 1492. Christoffer Columbus døypte henne Juana, etter den spanske tronfølgjaren, men dette blei erstatta av det innfødde namnet Cubanacán, seinare forkorta til Cuba.

Diego Velázquez leia den spanske invasjonen på øya og blei utnemnd til guvernør i 1511. Han grunnla byen Baracoa, som blei den første hovudstaden i landet. Urfolka på øya blei tvinga inn i reservat, brukte som slavar, drepne i kamp eller av nyinnførte sjukdommar. Talet på innfødde gjekk ned frå fleire titals eller hundre tusen til om lag seks tusen. Eit opprør leia av Hatuey blei slått ned.

Etter kvart tok spanjolane til å innføra afrikanske slavar på øya. Den første større lasta kom i 1520, men innføringa tok seg først opp på 1600- og 1700-talet. Samstundes ønskte få spanjolar å slå seg ned på øya. Dei søkte seg heller til land som var rikare på gull og anna lettent rikdom.

1700-talet førte med seg fleire åtak frå britiske styrker. I 1762 heldt dei Havanna i ti månader, noko som førte til ein fredsavtale i 1763 der Florida blei britisk, medan Cuba igjen blei heilt spansk.

Ved byrjinga av 1800-talet fanst mange ulike meiningar om kvar øya skulle gå. Mange innfødde kreolar ønska sjølvstende, andre ville ha retta innan Spania, medan andre igjen såg med velvilje på USA sitt ønske om å ta over området. Ein grunnlov for landet blei innført i 1812, same året som eit slaveopprør blei slått ned. Fleire forsøk på å oppnå sjølvstende mislukkast. I 1844 blei nok eit opprør mot slavehald, støtta av både svarte og kvite, slått ned ved hjelp av tortur, dødsstraffer og deportasjonar. Fleire tilbod frå USA om å kjøpa området blei avviste av Spania.

I 1868 tok ein krig for sjølvstende til som skulle vara i ti år til i Orienteprovinsen. USA valde å halda seg nøytralt i konflikten. Ein fredsavtale underskriven i 1878 ende med nederlag for opprørsstyrkane, som verken oppnådde sjølvstende eller slutt på slavehaldet. I 1886 blei det likevel endeleg oppheva, men erstatta med kontraktarbeid, hovudsakleg kinesarar.

24. februar 1895 tok den andre sjølvstendekrigen til med fridomserklæringa El Grito de Baire. USA anerkjende ikkje erklæringa, men gjekk i 1898 til åtak på denne og dei andre spanske koloniane Puerto Rico og Filippinane. 10. desember dette året gjekk Spania med på å gje opp makta og handelsmonopolet i desse koloniane, og etter fire år med amerikansk styre blei endeleg ein sjølvstendig kubansk stat til i 1902. USA fekk likevel fortsett stor innverknad på landet, og ein forpaktingsavtale på vika Guantanamo Bay.

Landet blei styrt av diktatorane Gerardo Machado og Fulgencio Batista til Fidel Castro tok makta i 1959, etter fleire års kamp.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Cuba har eit tropisk klima og ligg like sør for den nordlege vendekrinsen. Temperaturane er høge året rundt og høgast i sør. Hovudstaden Havanna har ein middeltemperatur som varierer frå 21 °C til 27 °C, medan Santiago de Cuba på sørkysten har høvesvis 24 °C og 28 °C. Det meste av året er vêret i landet påverka av den austlege passatvinden, som fører med seg det meste av nedbøren. Om vinteren gjev passaten særleg mykje vind på nordkysten, medan han dreier meir søraustleg frå mai av, slik at sørkysten får mest nedbør om sommaren. Årsnedbøren på det meste av øya er meir enn 1000 mm, men i fjella er middelet meir enn 1800 mm. Mest nedbør kjem det generelt i tida frå april til november. Øya vert stundom råka av tropiske orkanar, og særleg er det dei austlege områda med Oriente og Camagüey, som vert hardast råka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]