Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taumata i 2006.

Taumatawhakatangihangakoauauotamateapokaiwhenuakitanatahu, eller Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu er på maori namnet på ein 305 meter høg ås nær Porangahu, sør for Waipukurau i det sørlege Hawke's Bay-området i New Zealand. Stadsnamnet vert ofte korta til Taumata, av praktiske grunnar.

På skiltet til åsen står det Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu, som på 85 bokstavar er eitt av dei lengste stadnamna i verda. Det er mange ulike måtar å stava namnet på.

Omsett til norsk språk tyder namnet noko nær: Toppen av åsen (eller staden) der Tamatea spela på (nase)fløyta si til den han hadde kjær. Tamatea, landetaren, var mannen med store kne, som sklei ned, klatra opp på og svelde fjell for å reisa gjennom landet.

Namnet har òg vorte skrive Tetaumatawhakatangihangakoauaotamateaurehaeaturipukapihimaungahoronukupokaiwhenuaakitanarahu, 92 bokstavar. Namnet kom inn i Guinness rekordbok som det lengste stadnamnet i verda, men blei kritisert av mellom anna walisarar for å vera oppdikta. I si lange form er namnet til Taumata lengre enn Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch. På den andre sida er det mykje kortare enn det offisielle namnet til Bangkok.