Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch (eigentleg Llanfairpwllgwyngyll, vert avstytt Lllanfair PG eller Llanfairpwll) er ein landsby i Anglesey i Wales. Namnet tyder Kyrkja til den heilage Maria i søkket ved den kvite hasselen nær ein sterk kvervelstraum og kyrkja til den heilage Tysilio nær den raude hola.

Turistar framfor stasjonsbygget
Stasjonsbygget

Namnet vart laga i 1860-åra i samband med opninga av jernbanestasjonen, for at ein skulle få det lengste stasjonsnamnet i Storbritannia og med det setja staden på kartet. Det er framleis det lengste stadnamnet i Storbritannia, og det tredje lengste i verda, etter dei fulle namna til hovudstaden Bangkok og Taumata på New Zealand.

Landsbyen er eit populært turistmål, og det er spesielt vanleg å la seg fotografera framfor stasjonsskiltet og å kjøpa «pass» som er stempla i ein lokal butikk.

Fleire andre stader har freista å ta ifrå Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch tittelen for det lengste stadnamnet, mellom anna med Gorsafawddacha'idraigodanheddogleddollônpenrhynareurdraethceredigion og Llanhyfryddawelllehynafolybarcudprindanfygythiadtrienusyrhafnauole, men ingen av desse har blitt offisielt godkjende.