Tawadros II av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tawadros II
Fil:الأنبا تواضروس التانى.jpg
Patriark av Alexandria
Regjeringstid 2012-
Fullt namn koptisk Ⲡⲁⲡⲁ Ⲁⲃⲃⲁ Ⲑⲉόⲇⲱⲣⲟⲥ
arabisk البابا تواضروس التانى
Fødd 4. november 1952 i Mansura
Føregjengar Shenouda III av Alexandria

Biskop Tawadros II (fødd Waǧīh Ṣubḥī Bāqī Sulaymān4. november 1952 i Mansura i Egypt) har sidan 18. november 2012 vore koptisk-ortodoks pave.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Far til Wagih Sobhi Baki Solayman var landskapsarkitekt. Fem år gammal vart han med då familien flytta til Sohag, og tre år seinare til Damanhur. Seinare studerte han farmasi ved Universitetet i Alexandria med eksamen 1975. I 1986 vart han munk, og i 1989 vart han ordinert til prest.

I 1997 vart han biskop i El-Beheira bispedømme i Egypt under namnet Tawadros.

Pave[endre | endre wikiteksten]

4. november 2012 vart Tawadros valt til nytt overhovud for den koptiske kyrkja, og ved ein seremoni 18. november 2012 vart han innsett som patriark av Alexandria.

Namnet hans vert i europeiske språk òg skrive «Theodor». På koptisk blir namnet skrive Ⲡⲁⲡⲁ Ⲁⲃⲃⲁ Ⲑⲉόⲇⲱⲣⲟⲥ, og på arabisk تواضروس التانى بابا‎.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen som har med Egypt å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.