Shenouda III av Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shenouda III
Pope Shenouda III of Alexandria by Chuck Kennedy (Official White House Photostream).jpg
Patriark av Alexandria
Regjeringstid 1971-2012
Fullt namn koptisk Ⲡⲁⲡⲁ Ⲁⲃⲃⲁ Ϣⲉⲛⲟⲩⲟϯ ⲡⲓⲙⲁϩ ϣⲟⲩⲙⲧ
arabisk البابا شنوده الثالث
Fødd 3. august 1923 i Asyut
Føregjengar Kyrillos VI
Etterfølgjar Tawadros II

Shenouda III (fødd Nazeer Gayed Roufail, fødd 3. august 1923 i Asyuy, død 17. mars 2012 i Kairo) var patriark av Alexandria og dermed pave av den koptiske ortodokse kyrkja frå 1971 til han døydde i 2012.

Shenouda III var fødd som Nazeer Gayed i Asyut i Egypt. Han gjekk ut frå Universitetet i Kairo og utdanna seg som prest i den koptiske kyrkja. 18. juli 1954 vart han munk med namnet fader Antonious syraren, i det syriske munkeklostret av Den evige Jomfrua Maria Theotokos, der han seinare vart prestevigd. Under tida si som munk levde han som eremitt. Patriark og pave Kyrillos VI av Alexandria kalla fader Antonious til patriarkatet den 30. september 1962 der han utnemnde han til biskop med ansvar for kristen undervising og dekan for det koptiske ortodokse teologiske universitetet. Det var då han tok namnet Shenouda.

Den 14. november 1971 vart Shenouda krona til pave og patriark av Alexandria, den 117. i suksjesjonen. I eigenskap av pave og patriark utnemnde Shenouda III dei første biskopane over Nord-Amerika der det i 2006 var meir enn hundre kyrkjer, mot fire i 1971. Han utnemnde også dei første biskopane over Australia og grunnla dei første koptisk-ortodokse kyrkjene i Sør-Amerika.

Shenouda bidrog til arbeid for å sameine kyrkjesamfunna, og gjekk inn for dialogar med ulike kristne samfunn. I 1973 vart han den første leiaren for den koptisk-ortodokse kyrkje som vitja Vatikanet på 1500 år. Han og pave Paul VI utforma ei felleserklæring om kristologi under besøket.

Den 3. september 1981 tvinga den egyptiske presidenten Anwar Sadat han til å gå i eksil i klosteret Sankt Bishoi. Samstundes blei åtte biskopar, 24 prestar og fleire andre kristne fengsla. Sadat erstatta kyrkja sitt hierarki med ein komite med biskopar, og kalla Shenouda «eks-pave». Den 2. januar 1985 sleppte den dåverande presidenten Hosni Mubarak paven fri, og han kom tilbake til Kairo 7. januar og kunne feira jul med kyrkja. Meir enn ti tusen personar deltok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]