Tegl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein vegg av teglstein

Tegl er eit keramisk materiale laga ved brenning av leire i spesielle omnar. Ordet kjem frå latin tegula (brukt om takstein) frå verbet tegere som betyr «å dekke».

Teglstein er kunstig stein i standardformat, laga av leire som enten er brent i omn ved høg temperatur, eller berre tørka. Teglstein har sidan oldtida vore eit av dei vanlegaste materiala til murbygg. Soltørka tegl vart brukt i dei tidlege sivilisasjonene i Mesopotamia og blir fortsatt innanfor folkeleg byggeskikk mange stader i verda. I antikkens Roma vart dei fleste bygg oppført i tegl, ofte i form av relativt store skiver. Teglmuren vart som regel pussa med mørtel eller dekt med til dømes keramiske fliser.