Tehuano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tehuano er ein nord- til nordaustleg vind, som periodevis bles over Tehuantepec-eidet sør i Mexico. Vinden er sterkade enn passatvinden som normalt bles her. Han fører mellom anna til auka oppvelling ved kysten, av kaldt, næringsrikt vatn i Tehuantepec-bukta ved kysten av Stillehavet.

Tehuano er skapt av ei bølgje av kjøligare, tørrare luft frå det nordamerikanske kontinentet. Slike bølgjer er meir vanleg om vinteren, men kan skje til andre tider av året òg. Denne lufta er tyngre enn den tropiske luftmassen ein normalt finn i området, og opprettar derfor ein sterk trykkgradient, som skapar vinden. Vinden vert vidare forsterka av at han vert kanalisert av Chivelapasset mellom Campechebukta og stillehavskysten.[1] Dei same tilhøva er årsaka til Papagayovinden utanfor kysten av Costa Rica og Panama lenger sør.

La Venta vindfarm, juli 2007

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]