Tempel Ridder Ordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tempel Ridder Ordenen er ein fråhaldslosje med røter attende til fråhaldsrørsla i USA. Mot slutten av 1700-talet og utover vart vertshusa meir og meir samlingsstaden for fattige arbeidarar, og dei sosiale og økonomiske tilhøva var elendige og prega av forfall. Benjamin Rush, professor og lækjar, var ein av dei som skulla koma til å spela ei avgjerande rolle for å snu denne utvikla, og i 1840 vart Washington-rørsla danna. Rørsla kom i stand ved at seks menn frå Baltimore drog åt Washington for å avgje eit løfte om totalt fråhald.

I 1842 vart Sons of Temperance stifta i New York. Desse skulle arbeide med ritual, seremoniar, passord og regaliar. Som symbol tok dei eit likesida triangel med ei seksodda stjerne inni til minne om dei seks Washington-mennene. Ordenen skulle utvikla seg vidare med eit gradssystem, og i 1845 vart Tempel of Honor stifta med medlemmer frå Sons of Temperance. Med overføringa åt Sverige, vart denne ordenen til «Tempel Riddare Orden». I Noreg fekk han namnet «Tempel Ridder Orden».

Tempelriddarordenen vart innførd i Noreg den 10. desember 1922 då tempelet «NOREG» i Arendal vart innstifta. Stortemplet for Noreg og Island vart innstifta den 1. november 1947 i Oslo. I dag finst det 56 Tempel og Utpostar i Noreg med om lag 1350 medlemer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]