Tenzin Gyatso
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tenzin Gyatso, den fjortande Dalai Lama
Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935) er den fjortande og noverande Dalai Lama, og vert i media ofte berre referert til som Dalai Lama. Han var den femte av seksten born i ein bondefamilie frå Amdo-provinsen i Tibet, og fem år gamal vart han attkjend som reinkarnasjonen av den trettande Dalai Lama. 17. november 1950 vart han innsett som statsoverhovud i Tibet, femten år gammal, på eit tidspunkt då Tibet stod overfor okkupasjon frå Folkerepublikken Kina.
I 1989 vann han Nobels fredspris.