Teoretisk fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svarte hol er eit omgrep ein er komne fram til gjennom teoretisk fysikk.

Teoretisk fysikk er ei grein av fysikken som prøver å finna ein modell for røynda som kan forklara og forutsjå fysiske fenomen. Han skil seg frå eksperimentell fysikk, som går ut på å studera fenomen og prøva ut teoriar.

Fysikkteoriar kan basera seg på observerte fenomen, eller gå vidare utan prov frå den eksperimentelle fysikken. Dersom teorien går for langt i frå det som er observert og utprøvd, kan han gå seg vill. Fysikkeksperiment kan òg plutseleg finna nye fenomen som teorien ikkje forklarer. Då må ein leita etter ein ny teori som forklarer dette.

Ettersom teoretisk fysikk skildrar den fysiske verda kan ein ikkje utleia teorien frå grunnleggjande aksiom, slik ein til dømes kan gjera i matematikken. I staden fortel dei kva ein har observert tidlegare, og gjev spådommar om kva ein vil kunne observera.

Fysikkteoriar kan oppnå truverde ved at dei gjev spådommar som er korrekte og ikkje forutseier noko som er feil. Teoriar som er enkle blir sett på som betre enn meir innvikla teoriar. Ein føretrekk òg teoriar som forklarar mange ulike fenomen, framfor ei rekkje ulike teoriar som kvar skildrar eitt enkelt fenomen.