Thailandske regentar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart frå kongeriket Siam.
Skulptur av kong Buddha Yodfa Chulalok
Foto: Heinrich Damm

Bortsett frå kong Taksin, som oppretta Siam (no Thailand) i 1768, har alle kongane av Thailand høyrt til Chakri-dynastiet. I tillegg til kongane har andre kongelege fungert som regentar når kongane har vore mindreårige, i kloster eller utanlands over lengre tid.

Namnet Chakri kjem frå tittelen Chao Pharaya Chakri som høyrde til generalen som fekk trona ettar at Taksin var styrta — Rama I eller Buddha Yodfa Chulalok den store. Namnet chakri, og emblemet for kongehuset, er ei samantrekking av [sudarshana] chakra ('diskos') og trisula ('trefork), våpen som høyrer til guden Narai (Visjnu), som kongane i dette dynastiet blir rekna som personleggjeringar av.

Kongerekkja[endre | endre wikiteksten]

Chakri-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

  • Buddha Yodfa Chulalok den store (Rama I) พระบาทสมเด็จพระพุทธยอดฟ้าจุฬาโลกมหาราช, 1782-1809
  • Buddha Loetla Nabhalai (Rama II) พระบาทสมเด็จพระพุทธเลิศหล้านภาลัย, 1809-1824
  • Nangklao (Rama III) พระบาทสมเด็จพระนั่งเกล้าเจ้าอยู่หัว, 1824-1851
  • Mongkut (Rama IV) พระบาทสมเด็จพระจอมเกล้าเจ้าอยู่หัว, 1851-1868
  • Chulalongkorn den store (Rama V) พระบาทสมเด็จพระจุลจอมเกล้าเจ้าอยู่หัว «พระปิยมหาราช» 1868-1910
    • Somdet Chao Phraya Si Suriyawongse (1868-1873) regjerte fram til kong Chulalongkorn blei 20 år
    • Dronning Sripatcharinthara/Saovabha (1897) var regent medan kongen vitja Europa i 1897
  • Vajiravudh (Rama VI) พระบาทสมเด็จพระมงกุฎเกล้าเจ้าอยู่หัว, 1910-1925
  • Prajadhipok (Rama VII) พระบาทสมเด็จพระปกเกล้าเจ้าอยู่หัว, 1925-1935
  • Ananda Mahidol (Rama VIII) พระบาทสมเด็จพระเจ้าอยู่หัวอานันทมหิดล, 1935-1946
  • Bhumibol Adulyadej (Rama IX) พระบาทสมเด็จพระเจ้าอยู่หัวภูมิพลอดุลยเดชมหาราช, sidan 1946
    • Prins Dhanivat Bidyalabh Bridhyakon (1946-1950) var regent til kong Bhumibol Adulyadej hadde avslutta studia sine i Sveits
    • Dronning Sirikit Kitiyakara (1956), medan Bhumibol Adulyadej var buddhistmunk
    • Kongemora Srinagarindra var regent i 1960, medan Bhumibol Adulyadej og dronning Sirikit reiste til Europa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thailandske regentar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]