Bhumibol Adulyadej av Thailand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bhumibol Adulyadej (Rama IX)
พระบาทสมเด็จพระปรมินทรมหาภูมิพลอดุลยเดช
Konge av Thailand
Regjeringstid 9. juni 1946-
Fødd 5. desember 1927 i Cambridge i Massachusetts i USA
Føregjengar Rama VIII av Thailand
Gift med Sirikrit
Born  

Bhumibol Adulyadej (fødd 5. desember 1927) med kongetittelen Rama IX er konge av Thailand. Han overtok trona då broren døydde i 1946, og vart formelt krona i 1950. Han er gift med dronning Sirikit (fødd 1932). Tronfylgjar er sonen Maha Vajiralongkorn. Han er den kongen i Thailand som har sete lengst på trona.

Bhumibol vart i 1960 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Nasjonalt symbol, men med politisk makt[endre | endre wikiteksten]

Formelt har kongen lite makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer nærast dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Kritikk av kongefamilien er uhøyrt. Sjølv om landet er eit konstitusjonelt monarki, har kongen gripe inn i politikken ved ulike høve. I 1992 brukte kongen innverknaden sin til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar. I regjeringstida hans har det vore fleire militærkupp. Kuppmakarar har lagt vekt på å æra kongen. Den 19. september 2006 avsette militæret statsminister Thaksin Shinawatra, og utnemnde kongen til statsoverhovud. I ei uttale la dei vekt på å «sikra fred og æra kongen, som vert sett på som den mest høgvyrda av alle thaiar».

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.