The Kop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boarar ved Spion Kop i 1900

«The Kop» eller «The Kop Grandstand» er ei tribuneLiverpool FC si heimebane Anfield. Tribuna er kjend for å ha stor stemning, der kjernen av Liverpool-tilhengarane set under fotballkampane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet «The Kop» oppstod i 1906. På slutten av 1906-sesongen, då Liverpool FC tok sitt andre seriemeisterskap, vedtok klubbdirektørane å byggje ein ny tribune for å heidre klubben sine tilhengjarar. Tribunen vart døypt «Spion Kop» av Ernest Jones, til minne om dei mange frå Liverpool som døydde under Boerkrigen i Sør-Afrika. I 1928 vart The Kop bygd om til ståplassar og eit nytt tak vart bygt. I 1989 vart det vedteke at The Kop skulle vernast som ein ‘heilagdom’, til minne om dei 96 supporterane som vart drepne på Hillsborough. Etter denne tragedien, vart det innført nye retningsliner for ståplassar på engelske fotballstadionar. I 1994 vart heile The Kop bygd om til berre sitjeplassar, og endra også namn til «Kop Grandstand». Den siste kampen med ståplassar på «The Kop» var mot Norwich City i mai 1994, og Jeremy Goss var den aller siste spelaren som scora mål framfor ærverdige The Kop.

Då The Kop vart bygd om, vart enkelte delar av tribunen lagt ut for sal, til inntekt for gode føremål.