The L Word

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

The L Word er ein amerikansk produsert dramaserie som handlar om ei gruppe lesbiske, biseksuelle og transseksuelle personar, samt deira vener og familie i Los Angelses. Serien vart vist på TV 3 i Noreg. Serien vart sendt frå 2003 til 2009. Til saman vart det laga seks sesongar.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

  • Jennifer Beals
  • Laurel Holloman
  • Leisha Hailey
  • Mia Kirshner
  • Katherine Moennig
  • Pam Grier
  • Erin Daniels
  • Rachel Shelly
  • Eric Lively
  • Karina Lombard
  • Eric Mabius
  • Marlee Matlin
  • Dallas Roberts
  • Daniela Sea
  • Sarah Shahi
  • Cybill Sheperd
  • Clementine Ford


Sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Senong 1 handlar om Bette Porter og hennar partner gjennom sju år, Tina Kennard. Dei forsøkjer å få barn. Tina blir gravid, men spontanaborterer. Bette Porter er utru med ein snikkar, Candance Jewell, eit forhold som Tina finn ut om i slutten av sesongen.

Tim Haspel, som er nabo til Bette og Tina flyttar i lag med kjærasten sin Jenny Schecter. Tim er symjetrenar for eit kvinnelag, medan Jenny er ei forfattarspire. Marina Ferrer, som er ein ven av Tina og Bette har ein kafé som er populær blant dei homofile og lesbiske. Marina utviklar etter kvart eit forhold til Jenny. Jenny syner å vere usikker på sin eigen seksualitet, og slit med å finne ut kva ho vil. I venegjengen finn ein også Shane McCutcheon, som er hårstylist og ein player. Ho har fleire kortvarige forhold i sesongen, og endar opp med å ha ein sjalu forfølgjar etter seg. Shane er den typiske maskuline lesba i serien. Alice Pieszecki er ein biseksuell journalist som er på leit etter den store kjærleiken. Dana Fairbanks er ein profesjonell tennisspilar, som framleis er i skapet, og som også er på jakt etter kjærleiken. Ho forelskar seg etterkvart i soussjefen Lara Perkins, og dei innleier eit forhold. Me får også møte systera til Bette Porter, Kit Porter.

Sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

I denne sesong blir me kjend med at Tina har blitt gravid gjennom kunstig inseminasjon. Ho har avslutta forholdet til Bette, sjølv om Bette ynskjer at dei dei skal finne saman att. Tina dater etter kvart Helena Peabody. Bette slit etter at forholdet til Tina vart avslutta, og får problem på jobben, og det heile toppar seg når faren hennar døyr. I slutten av sesongen finn Tina og Bette saman igjen, og Tina føder barnet deira, som er ei jente.

Karakteren Marina forsvinn ut av serien, og Kit Porter overtar kafeen The Planet. I denne sesongen blir ein kjend med ein ny karakter, Carmen de la Pica Morales, som er DJ. Ho innleiar først eit seksuelt forhold til Shane, men seinare har ho eit kort forhold til Jenny. I slutten av sesongen vert det klart at Shane og Carmen har djupe kjensler for kvarandre og dei endar opp saman. Shane og Jenny, som deler hus, vil ha ein romkamerat, og endar opp med å velje dokumentarfilmskaparen Mark Wayland. Han har lyst til å lage ein dokumenter om lesbiske og deira liv, og han installerer skjulte kamera rundt om i heile huset. Han vert kasta ut då Jenny og Shane finn ut av kva han har gjort. Det kjem fram at Jenny har ein del personlege problem, og i slutten av sesongen endar ho opp med å kutte seg sjølv.

Alice og Dana innleier eit forhold, som dei skjuler ei stund på grunn av Danas kjæraste. Etter kvart gjer Dana det slutt med kjærasten og Alice og Dana gjer forholdet sitt offisielt.

Sesong 3[endre | endre wikiteksten]

Sesongen startar seks månadar etter at Tina fødde Angelica, barnet hennar og Bette. Tina har innleia eit forhold til ein mann, og Bette taklar dette dårleg. Vi blir kjend med Moira Sweeney, som Jenny blir kjend med og dei innleier eit forhold. Dei reiser på roadtrip saman, og endar opp tilbake i Los Angeles. Det blir seinare klart at Moira er transseksuell og ho vil starte på vegen mot å bli mann. Ho endrar namnet sitt Max og startar med hormonbehandling. Angus Patridge blir tilsett som Angelicas barnepassar. Angus og Kit Porter blir etter kvart eit par. Dana oppdagar at ho har brystkreft. I slutten av sesongen døyr ho som følgje av kreften.

Carmen og Shane har planar om å gifte seg, men Shane forlèt Carmen ved alteret. Carmen forlèt serien etter dette.

Sesong 4[endre | endre wikiteksten]

Sesongen startar med at Bette har kidnappa Angelica. Ho overgir seg raskt og etter kvart klarar Bette og Tina å samarbeide om dottera. Bette finn snart kjærleiken igjen, og innleier eit forhold til ein døv kunstnar som heiter Jodi Lerner. Shane slit med rusprobleme etter at ho avslutta forholdet til Carmen. Men ho må raskt ta seg saman når veslebror hennar, Shay, vert etterleten av mora hjå ho. Ho tar raskt ansvar og utviklar eit godt forhold til veslebroren sin. Shane blir etter kvart kjend med mora til ein kamerat av Shay, Paige. Dei blir etter kvart i lag. Far til Shane og Shay kjem tilbake og hentar sonen sin. Shane slit med saknet etter veslebror sin.

Alice blir forelska i Tasha Williams, som jobbar i militæret. Tasha tenestegjer i Irak, noko som fører til ein del spenning i forholdet mellom Alice og Tasha. Helena Peabody opplever økonomiske problem og startar med gambling. Jenny har gitt ut ei bok, som vert kalla «Lez Girls». Den er stort sett basert på liva til venene hennar, og dei likar ikkje måten dei vert framstilte i boka. Dette fører til ein del uvennskap mellom Jenny og fleire av dei andre.

Sesong 5[endre | endre wikiteksten]

Shane og Paige har planar om å flytte saman. Men Shane fell tilbake til gamle vanar, og ligg med ein eigedomsmeklar. Paige tar dei på fersken. Shane og Paige endar så forholdet sitt. Jennys bok «Lez Girls» skal bli film, noko som Tina arbeider med. Jenny utviklar eit forhold til ei av skodespelarane, Nikki, noko som fører til ein del forviklingar.

Tasha blir sendt heim frå Irak på grunn av skuldingar for «homosexual conduct». Det heile endar i ein rettssak. Tasha og Alice forsøkjer å halde forholdet sitt hemmeleg for det militære. Men til slutt avslører Tasha forholdet og kjærleiken sin til Alice. Ho endar opp med å slutte i jobben sin i militæret.

I slutten av sesongen finn Tina og Bette tilbake til kvarandre. Shane ligg med Nikki, kjærasten til Jenny, og Jenny oppdagar det.

Sesong 6[endre | endre wikiteksten]

Sesongen startar med at Jenny og Shane har problem med venskapet sitt etter at Shane og Nikki hadde sex. Det blir etter kvart kjend at Jenny er sint på Shane fordi ho eigentleg er forelska i Shane. Shane og Jenny innleier etter kvart eit forhold.

Max, som held på med prosessen å bli mann, oppdagar at han er gravid. Han har eit forhold til ein mann, homofile Tom, og dei har ikkje tenkt over det at Max likevel kan bli gravid, til tross for bruk av testosteron. Tom forlèt Max. Max fortset svangerskapet.

Tina og Bette har lyst på eit nytt barn, og møter ei ung jente som vil adoptere bort barnet sitt. Dette går ikkje etter planen. Dei bestemmer seg i slutten av sesongen å flytte til New York. Sesongen sluttar med at Tina og Bette har ein fest, kor Jenny blir funnen død i symjebassenget. Politiet finn ut at samtlege av Jennys venner har hatt motiv for å drepe henne.