The Sailor's Hornpipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyddøme

The Sailor's Hornpipe (også kjend som The College Hornpipe and Jack's the Lad[1]) er ein tradisjonell hornpipe-melodi and tilknytt dans med opphav i den britiske marinen, Royal Navy.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den vanlege melodien for denne dansen blei fyrst trykt som «College Hornpipe» i 1797 eller 1798 av J. Dale i London.[3] Han finst i manuskriptsamlingar som er eldre enne dette – til dømes ein synkopert versjon i William Vickers-manuskriptet frå Tyneside, som er datert til 1770.[4] Dansen framstiller livet og pliktene til ein sjømann på eit skip. Sidan dansen ikkje krev stor plass til å framførast, og kan dansast utan ein partner, var han utbreidd ombord på skip.[5]

Samuel Pepys omtalte dansen i dagboka si som «The Jig of the Ship», og kaptein Cook gav ordre til mennene sine om å dansa hornpipe for å halda dei i form.[5] Dansen blei mindre vanleg på skip då ein slutta å ha felespelarar som del av mannskapet.

I drama for scena var det frå rundt 1500-talet av vanleg å ha med ein dans knytt til havet, eller ein sea dance. Frå 1800-talet blei den kjende forma av sailors' hornpipe innført. Arbeidsoppgåver på skip, som å dra i reip, roing, klatring i rigging og honnørhelsingar danna grunnlaget for danserørslene.

Under tradisjonskonserten Last Night of the Proms i London, der melodien blir spelt som del av Henry Wood sin Fantasia on British Sea Songs, kan publikum ha med seg små tåkelurar og fløyter som dei bles i til musikken, slik at han får ein støyande, frenetisk finale når han når sitt raskaste.[6]

Melodien blei brukt i teiknefilmar av Popeye (Skippern) frå byrjinga av 1930-talet, som regel som den fyrste delen av opningsmelodien, som deretter gjekk over til ein instrumentalversjon av «I'm Popeye the Sailor Man».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen har blitt spelt inn av:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MacJams.com – Song: The Sailor's Hornpipe by Andronis». Macjams.com. Arkivert frå originalen 2. desember 2008. Henta 12 January 2021. 
  2. «The sailor's hornpipe dance». Rmg.co.uk. 11 August 2015. Henta 12 January 2021. 
  3. «SAIL AWAY LADIES [1A]». Ibiblio.org. Henta 12 January 2021. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 21. mai 2021 
  5. 5,0 5,1 «What are the origins of the sailor's hornpipe? : Frequently asked questions : Maritime, sea & ships : Fact files & in-depth : Learning : NMM». Nmm.ac.uk. Henta 12 January 2021. 
  6. VideoYouTube