YouTube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
YouTube

Org.formUnderavdeling, Limited Liability Company
BransjeInternettbransjen
Skipa14. februar 2005
EigarGoogle AS
LandUSA
ProduktVideovert på nettet
Grunnleggjar(ar)Steve Chen,[1] Chad Hurley[1]
Nettstadwww.youtube.com

YouTube er ein nettstad der brukarane sjølve kan lasta opp, vise og dele videoklipp. Nettstaden vart grunnlagt i februar 2005 av tre tidlegare medarbeidarar i PayPal. I dag har YouTube femti tilsette, og har hovudkontor i San Bruno i California i USA.

YouTube bruker Adobe Flash til å vise innhaldet, som omfattar klipp frå filmar og TV-program, musikkvideoar og heimelaga videofilmar. YouTube forbyr opplasting av materiale som er beskytta av opphavsrett, men dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre. 9. oktober 2006 vart YouTube kjøpt opp av Google for 11 milliardar kroner.

Stoda i første kvartal 2008 var at YouTube ikkje gav noko forteneste. Profitten vart i 2007 sett på som ikkje substansiell av Google. Eksakte tal på profitten vert ikkje offentleggjort, men ein artikkel i Forbes juni 2008 projiserte ein inntekt på 200 millionar USD, grunna auka annonsesal. [2] Prisen for ein annonse på YouTube sida var på den tida 175 000 USD kvar dag, pluss forpliktelsar om å kjøpe Google og YouTube annonsar andre plassar. Ein eigen kanal, forskjellig ved å ha ein eigen bakgrunn, kostar annonsørar 200 000 USD.

Vekst[endre | endre wikiteksten]

YouTube er blant dei raskast veksande nettstadene på Internett, og er rangert som den fjerde mest populære nettstadenav Alexa Internet.[3] 16. juli 2006 kunngjorde YouTube at det kvar dag vart sett 100 millionar filmklipp på YouTube. 65 000 nye videoar vart lasta opp kvar dag.

The Wall Street Journal publiserte i august 2006 ein artikkel der YouTube var vert for 6,1 millionar videoar, som kravde rundt 45 terabyte med lagringskapasitet. På den tida var det rundt 500 000 brukarkontoar. I april 2008 gav eit YouTube-søk omtrent 83,4 millionar videoar og 3,75 millionar brukarkanalar.[4][5] Det er berekna at i 2007 brukte YouTube like mykje kapasitet som heile internett gjorde i år 2000, samtidig som over 13 timar med video vart lasta opp kvart minutt.[6] I mars 2008 var kostnadane til bandbreidde berekna til rundt 1 million USD dagleg.

Problematikk rundt opphavsrett[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske lova kring opphavsrett gjeld og for denne sida, og filmklipp som strid imot denne lova vert jamleg fjerna. På tross av dette vert materiale som bryt denne lova lasta opp i vidt omfang. Med fleire millionar av brukarar er det blitt ei uoverkommeleg oppgåve å holde auge med dette, ettersom rettsstridige klipp ofte berre blir fjerna om brukarar eller folk som sit på rettane gjer YouTube merksame på lovbrota. Frå oktober 2007 fekk medieverksemder tillating til å blokkere klipp utan å spørje om lov først, om desse klippa strid med deira opphavsrett.[7]


"The marketing guys love YouTube and the legal guys hate it."
"Marknadsføringsfolka elskar YouTube, og advokatane hatar det."
-Ian Schafer, frå annonsefirmaet Deep Focus


Hollywood sine haldningar til YouTube er delte. Quincy Smith ifrå CBS peikte på at han har interesse av å beskytte ein serie som har stor suksess målt i sal, samtidig som han kan sjå eit marknadsføringspotensiale i å ligge på nettet for ein serie som går dårleg. [8]

På forskjellige språk[endre | endre wikiteksten]

Kart over land der YouTube finst i ein lokal variant.

YouTube har komme i fleire variantar, der heile sida er tilgjengeleg i denne språkdrakta eller med eit anna tilbod for dette området.

Land URL Språk Oppstartsdato
Australia Australia http://au.youtube.com/ Australsk engelsk 22. oktober 2007 [9]
Brasil Brasil http://br.youtube.com/ Braziliansk Portugisisk 19. juni 2007 [10]
Kanada http://ca.youtube.com/ Kanadisk engelsk og fransk-kanadisk 6. november 2007 [11]
Tsjekkia Tsjekkia http://cz.youtube.com/ Tsjekkisk 9. oktober 2008[12]
Frankrike Frankrike http://fr.youtube.com/ Fransk 19. juni 2007 [10]
Tyskland Tyskland http://de.youtube.com/ Tysk 8. november 2007 [13]
Hongkong Hong Kong http://hk.youtube.com/ Tradisjonell kinesisk 17. oktober 2007 [14]
Israel Israel http://il.youtube.com/ Engelsk 16. september 2008
India India http://in.youtube.com/ Engelsk 7. mai 2008 [15]
Irland Irland http://ie.youtube.com/ Irsk Engelsk 19. juni 2007 [10]
Italia Italia http://it.youtube.com/ Italiensk 19. juni 2007 [10]
Japan Japan http://jp.youtube.com/ Japansk 19. juni 2007 [10]
Sør-Korea Korea http://kr.youtube.com/ Koreansk språk 23. januar 2008
Mexico Meksiko http://mx.youtube.com/ Meksikansk spansk 10. oktober 2007
Nederland Nederland http://nl.youtube.com/ Nederlandsk 19. juni 2007[10]
New Zealand New Zealand http://nz.youtube.com/ New zealandsk engelsk 22. oktober 2007[9]
Polen http://pl.youtube.com/ Polsk 19. juni 2007[10]
Russland http://ru.youtube.com/ Russisk 13. november 2007
Spania Spania http://es.youtube.com/ Spansk 19. juni 2007[10]
Sverige Svensk http://se.youtube.com/ Svensk 22. oktober 2008
Taiwan http://tw.youtube.com/ Tradisjonell kinesisk 18. oktober Chita • 檢視主題 - YouTube 台灣版推出 Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine.</ref>
Storbritannia Storbritannia http://uk.youtube.com/ Britisk Engelsk 10. juni 2007[10]

Google har som mål å konkurrere med videodelande nettsider som DailyMotion i Frankrike. Selskapet har og gjort ein avtale med lokale tv-stasjonar som M6 og France Télévisions til å sende video innhald.

17. oktober 2007 vart det annonsert at ein Hong Kong versjon var lansert. YouTube-representanten Steve Chen sa det neste målet ville vere Taiwan.[16][17]

22. oktober 2007 hadde YouTube New Zealand sitt lanseringsparty, og erklærte dei hadde som mål å skape YouTube kjendisar ifrå New Zealand. Dette vart snart verkeleg gjennom YouTube show som Three Best Friends That Live Together og LiveFromJones.

Planar om å skape ein lokal versjon i Tyrkia har fått problem, ettersom tyrkiske myndigheiter har bedt YouTube om å sette opp eit kontor i Tyrkia, og dermed underlegge det tyrkisk lov. YouTube seier at dei ikkje har planar om dette og dei ikkje reknar videoane deira for å vere underlagt tyrkisk lov. Tyrkiske styresmakter har uttalt uro over at YouTube har blitt brukt til å poste enkelte videoar, som etter deira meining fornærmar nasjonalhelten Mustafa Kemal Atatürk og muslimar generelt.[18]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://usatoday30.usatoday.com/tech/news/techinnovations/2005-11-21-video-websites_x.htm; vitjingsdato: 28. september 2016; utgjevingstidspunkt: 21. november 2005.
  2. Forbes Magazine GooTube
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. august 2016, henta 19. januar 2010 
  4. YouTube - Broadcast Yourself
  5. YouTube - Broadcast Yourself
  6. http://www.nytimes.com/2008/08/16/technology/16tube.html?8dp
  7. [www.andhranews.net/Intl/2007/October/16/YouTube-allows-media-19094.asp YouTube allows media companies to block copyrighted content] AndhraNews.net, 16. oktober 2007.
  8. Showbiz's site fright - Variety.com, 10. marts 2007.
  9. 9,0 9,1 YouTube Launches in Australia & New Zealand
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 Google launches YouTube France News - PC Advisor
  11. YouTube Canada Now Live
  12. Czech version of YouTube launched. And it’s crap. It sucks.
  13. YouTube Germany Launches
  14. Chita • 檢視主題 - YouTube 台灣版推出, arkivert frå originalen 5. desember 2008, henta 10. november 2008 
  15. YouTube now has an Indian incarnation, arkivert frå originalen 28. november 2013, henta 10. november 2008 
  16. 881903.com Commercial Radio, arkivert frå originalen 23. desember 2007, henta 10. november 2008 
  17. CableTV, arkivert frå originalen 15. mars 2008, henta 10. november 2008 
  18. «Long-standing YouTube ban lifted only for several hours». Today's Zaman. Arkivert frå originalen 4. juni 2009. Henta 10. juli 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]