Thorleif Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorleif Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. november 1921
Christiania
Død

11. mars 1996 (74 år)
Oslo

Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1952

Thorleif Werner Olsen (15. november 192111. mars 1996) var ein fotballspelar frå Oslo. Han var vinghalf på Vålerengen sitt fotball-lag frå etter verdskrigen til 1963. Over ein femårsperiode spelte han 34 landskampar for Noreg. «Toffa» Olsen var «en utrettelig sliter som aldri ga opp en ball».[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Olsen var fast på Vålereng-laget i 18 sesongar. Frå Hovudserien kom i gong 1948, deltok han i 146 toppserie-kampar til arvtakaren 1. divisjon vart avslutta hausten 1963. Laget beste prestasjon kom allereie i 1948/49-sesongen, då Vålerengen vann A-avdelinga i Hovudserien. I seriefinalane mot Fredrikstad FK vart det tap både heime og borte. I NM-cupen kom ikkje Olsen og Vålerengen nokon gong forbi semifinalane. Han var 41 år og 332 dagar gammal då han i oktober 1963 på Brann stadion ikkje klarte hindre SK Brann verte seriemeister. Sidan har ingen i spelt kamp i norsk toppserie i høgare alder.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå november 1950 til september 1955 spelte Olsen 34 kampar for Noregs landslag. Han var med då Noreg tapte OL-kampen mot Sverige i Tampere 21. juli 1952.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Andreplass i Hovudserien: 1948/49 med Vålerengen IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Breili, M. (1967). Fotballboken. Oslo: Ch. Schibsteds Forlag.
  • Thorleif Olseneu-Football.info. Henta 24. oktober 2023.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Breili M. (1967), s. 94