Tidleg jura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Massive klipper i Zion nasjonalpark som består av formasjonar frå nedre jura..

Tidleg jura (i geologi kalla nedra jura, i Europa ofte kalla lias) er den tidlegaste av tre epokar i perioden jura. Tidleg jura startar like etter trias-jura-utryddinga (199,6 millionar år sidan) og endar ved starten av mellomjura for 175,6 millionar år sidan.

Etter utryddinga var det lite liv att på jorda, så livet i denne perioden var nokså homogent. Ammonittar, som nesten hadde døydd ut i utryddinga utvikla seg raskt og fylte mange tomme nisjar. Mange marine krypdyr utvikla seg i perioden, som fiskeøgler og svaneøgler. På landjorda dukka fleire nye typar dinosaurar opp, heterodontosaurids, scelidosaurus, stegosaurar og tetanurae, og slo seg saman med grupper som podokesaurus, prosauropoda og sauropodar som hadde overlevd sidan trias. I lag med desse var små kjøtetarar som sphenosuchia og protosuchus. I lufta erstta nye typar flygeøgler dei som døydde ut i slutten av trias. I underskogen var det forskjellige former for tidlege pattedyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Early Jurassic» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • A. Morley Davies An Introduction to Palaeontology, Thomas Murby & Co., London
      • House, M.R. (1993) Geology of The Dorset Coast, The Geologists' Association.
      • Simms, M.J.,Chidlaw, N., Morton, N. og Page, K.N.(2004) British Lower Jurassic Stratigraphy, Geological Conservation Review Series, No.30, Joint Nature Conservation Committee, Peterborough.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium