Mellomjura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mellomjura (i geologi kalla midtre jura, i Europa ofte kalla dogger) er den andre av tre epokar i perioden jura. Han varte i perioden frå 176 til 161 millionar år sidan.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Pangaea byrja å dele seg i Laurasia og Gondwana og Atlanterhavet oppstod. Tektonisk aktivitet aust i Laurasia ved at Kimmeria kolliderer med sørkysten av Laurasia lukkar Paleo-Tethys-havet fullstendig.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sjødyra blømde i løpet av denne epoken med dyr som ammonittar og toskjela skaldyr. Fiskeøgler er framleis vanlege, men er ikkje like mangfaldige som tidlegare, medan marine rovdyr som pliosaurar voks til same storleik som spekkhoggarar og større. Svaneøgler vart vanlege på denne tida og metriorhynchide krokodillar dukkar opp for første gong.

På land utvikla nye dinosaurtypar seg, som cetiosaurus, brachiosaurus, megalosaurus og hypsilophodontar.

Etterkomarar av therapsidar, cynodontar, treivst framleis ved sidan av dinosaurane, sjølv om dei stort sett var på storleik med mus. Ei gruppe cynodontar, trithelodontar, vart sjeldnare og døydde til slutt ut mot slutten av epoken. Tritylodontar var framleis vanlege. Det var i denne epoken at dei «verkelege» pattedyra utvikla seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium