Tijuana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tijuana
Horisonten til Tijuana
Styresmakter
Fylke
Delstat
Tijuana
Baja California
Grunnlagd 1889
Geografi
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

1 483  992
  637/km²

Tijuana (ˌtiːəˈwɑːnə/) er den største byen i delstaten Baja California og den sjette største i Mexico. Byen ligg ved grensa til USA og er den vestlegaste byen i Mexico. I 2005 hadde han rundt 1 483 992 innbyggjarar. Arealet er på 637 km².

Byen voks opp rundt grenseovergangen mellom USA og Mexico. Ein rekner grunnlegginga av byen til 11. juli 1889.[1] Han fekk formelt namnet «Tijuana» i 1929. Ein trur at namnet kjem frå orda Tia Juana ('Tante Johanne'), namnet på ein storgard i området. Eit anna mogleg opphav er yumanonamnet Ti-Wan, 'ved havet'.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ciudad», tijuana.gob.mx
  2. John Everett-Heath (red.), «Tijuana», The Concise Dictionary of World Place-Names (3 ed.), Oxford University Press, 2014. eISBN: 9780191751394

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]