Tinnitus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tinnitus
Medisinsk namn: Tinnitus aureum
Tinnitus.jpg
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: H93.1
ICD-9-kode: 388.30
DiseasesDB 27662
MedlinePlus 003043
eMedicine ent/235

Tinnitus, eller øyresus, er ei plage som gjer at ein oppfattar lyd utan at det finst nokon ytre sansepåverknad. Lyden kan verte oppfatta både på det eine eller på begge øyra, og er vanlegvis skildra som ei ringing, brusing, summing, plystring eller melodi. Sjølve ordet tinnitus er latin for 'klang' (frå ei bjølle). Opplevinga kan gje konsentrasjonsvanskar og angst, og kan kjennast som ei uuthaldeleg plage.

Tinnitus er ikkje i seg sjølv ein sjukdom, men ein tilstand som kan koma av mange underliggjande årsaker. Medan ein kan behandla nokre av årsakene til tinnitus, finst det i mange høve ikkje noko å gjera med lidinga bortsett frå å trena seg opp til å leva med henne, kanskje ved hjelp av kvit støy.

Utbreiing og årsaker[endre | endre wikiteksten]

Ulike grader er tinnitus er svært vanleg, særleg i aldersgruppa 40–70 år. Tinnitus kan ha mange årsaker, som sjukdom eller irritasjonar i trommehinna, mellomøyret, det indre øyret eller høyrenerva. Det kan også koma av den normale aldringsprosessen i høyrselsorgana og henga saman med høyrselstap. Andre årsaker kan vera framandlekam i øyregangen og sjukdommar som mellomøyrebetennelse (otitis media), otosklerose, Méniéres sjukdom, skade av sansecellene i det cortiske organet (høyrselsorganet) på grunn av høge lydtrykk, medikament eller giftstoffer, og svulst på høyrenerva.

Høge lydtrygg over lengre tid er ei vanleg kjelde til tinnitus. Tidlegare var industriarbeidarar ofte utsette for langvarig påverkning av høge lydtrykk, som førte til nedsett høyrsel og i nokre høve til tinnitus. Tinnitus er òg vanleg hjå musikarar som spelar i symfoniorkester. Konsertar med elektronisk forsterka musikk har ofte så høge lydtrykk at tilhøyrarane vert utsette for høyrselsskadar og det finst fleire døme på at folk som ofte vitjar slike konsertar har endt opp med tinnitus. Dei siste tiåra har det vorte populært å høyra på musikk over øyreproppar. Desse dannar ein propp i øyregangen og er i stand til å generera svært høge lydtrykk. Desse er særleg populære hjå ungdomar og mange har fått varig nedsett høyrsel og i fleire tilfelle tinitus frå slik bruk. Om lydtrykket er kraftig nok kan slølv eit kortvarig knall føra til tinitus. Nokre jaktrifler, til dømes, genererer så høge lytrykk at eit skot utan høyrselsvern kan føra til kraftig tinnitus.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lyden mange tinnitus-pasientar oppfattar, kan variere frå ein stille bakgrunnslyd til ein lyd som sluker alle eksterne lydar. Omgrepet tinnitus refererer vanlegvis til meir alvorlege tilfelle, og då typisk til meir varige tilfelle.

Sia tinnitus ofte er definert som eit subjektivt fenomen, er det vanskeleg å oppdrive brukande objektive testar, slik som samanlikning andsynes lydar av kjende frekvensar og intensitetar. Sjølv om det finst tilstandar av tinnitus som andre menneske kan høyre - bruit - so er subjektiv tinnitus tinnitus berre den ramma kan høyre, klart den vanlegaste. Tilstanden er ofte rangert frå «lett» til «katastrofalt» i samsvar med vanskane tilstanden medfører: som til dømes søvnvanskar, stille aktivitetar eller daglegdagse aktivitetar.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis finst det inga direkte behandling for tinnitus, mellom anna på grunn av usemje om korvidt tinnitus oppstår i hjernen eller i høyrselsorgana. Vanlegvis vil den ramma verte tilrådd å ignorere problemet og vil verte lært opp til diverse teknikkar til å maskere tinnitusen. Av og til kan det vere andre orsakar som er skuld i denne tilstanden, som til dømes høgt blodtrykk, Menières sjukdom, øyrevoks eller ballanseproblem. Diverre kan dei fleste førekomster av tinnitus ikkje løysast.

Nokre former av tinitus kan behandlast ved at ein tek tak i bakgrunnsårsaken, som kan vera ein sjukdom. Der tinnitus kjem av skade på sansecellene i det indre øyret eller aldersforandringar i høyrselsorganet, finst inga effektiv behandling av lidinga. Ved nokre høve kan tinnitus forsvinna av seg sjølv etter eit kortare eller lengre tidsrom.

Ved tinnitus i samband med høyrselstap vil ofte tilpassing av høyreapparat gjera tilstanden betre. Nokre pasientar kan også få eit lite apparat i øyregangne som lagar kvit støy og som delvis maskerer tinnitusen, som dermed blir lettare å leva med. Det finst også psykologiske treningsprogram som går ut på tilvenning og akseptering av øyresusen. Desse kan ta tid, opptil to år, men kan ha god effekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]