Titan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Titan er eit ord med fleire tydingar:

  1. Titanane, dei eldste greske gudane
  2. Den romerske guden Titan, det romerske motstykket til greske Uranos
  3. Saturnmånen Titan
  4. Grunnstoffet titan

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Titan er eit gammalt namn frå gresk og romersk mytologi. Me møter først ordet i dei gamle greske forteljingane om korleis verda og verdsordninga blei til. Her er titanane (gr. titanos) sønene og døtrene til jorda og himmelen, Gaia og Uranos. Då romarane overtok store delar av gudelæra, blei Uranos døypt om til Uranus, men sidan han var far til titanane kunne ein òg finna på å kalla han Titan. I gammal gresk dikting blir ofte sola og solguden Helios, ein yngre titan, referert til som berre Titan.

Det er usikkert kva det greske ordet titanos kjem frå. Hesiod meiner det tyder «dei som stridest», andre kjelder seier det tyder «hemnarar», og andre igjen meiner det kjem frå titax (hannkjønn) og titene (hokjønn), som tyder «herskarar».

Seinare bruk[endre | endre wikiteksten]

I engelsk dikting er Titan mykje brukt i staden for Uranus, mellom anna i diktverket Paradise Lost av John Milton. Namnet Titan fekk derfor ein framtredande plass i den engelske versjonen av den gresk-romerske gudelæra.

Ordet fekk etter kvart òg ei anna tyding, kjempestor. Dette kan koma av samanblanding med gigantane, som var digre slektningar av titanane, eller det kan koma av at også titanane blei sett på som store.

Moderne oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

Med den nye tydinga og den gamle bakgrunnen fletta saman har namnet Titan blitt brukt om den største månen til Saturn, skipet Titanic og grunnstoffet titan.


Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.