Toblerone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toblerone

Toblerone er ein sjokolade laga av Kraft Foods i Sveits. Den er best kjend for sine triangelforma bitar, som skal representere Matterhorn i dei sveitsiske alpane, og den særprega pakninga.

Samansetninga av original Toblerone er sveitsisk mjølkesjokolade, honningnougat og mandlar. Sidan 1970-talet er det også produsert andre variantar. Desse inkluderer rein (mørk) sjokolade i ein grøn og svart pakning, ein «snøtoppa» versjon med sjokoladetoppar og ein «ein-og-ein» pakning med individuelt pakka sjokoladetrianglar. Størrelsen på Toblerone varierer frå ca. 10 cm til store «festpakningar» på over 1 m. Alle pakningane har dei same triangulære proporsjonane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Toblerone