Toftarøyna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toftarøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland fylke
Kommune Øygarden kommune
Folketal 386
Kart
Toftøya
60°11′22″N 5°03′42″E / 60.18932889°N 5.06160694°E / 60.18932889; 5.06160694
Wikimedia Commons: Toftøya

Toftarøyna er ei øy lengst sør i Øygarden kommune i Vestland fylke. Folketalet er 386 (2011).

Øya har eit areal på ca. 7,8 km². Toftarøyna er knytt saman med Sotra ved Tofterøybrua som stod ferdig i 1975. Før dette hadde det vore ferjesamband over Austefjorden sidan 1960. Høgste punktet på øya er Sælsfjellet, 84 meter over havet.

Tofterøy skule var den einaste skulen på øya, men han vart lagt ned i 2012.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2] 2001[3]
132 233 336

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
  3. Arvid Skogseth, Sund på Søre Sotra, bd. 3-4 (Sund kommune, 2014-2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Toftarøyna
Spire Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.