Tom Stiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tom Stiansen (fødd 3. september 1970) er ein norsk tidlegare ski-alpinist frå Oslo som vart verdsmeister i slalåm i 1997. Han representerte Asker Skiklubb. I seinare år han han vore programleiar for fjernsyns-serien 71° nord på TV-Norge. Skeiserennaren Svein Erik Stiansen er far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stiansen vart nummer åtte i super-G under vinter-OL 1992 i Albertville. Fyrst fire år seinare, i januar 1996, fekk han sitt internasjonale gjennombrot med tredjeplassen i eit verdscuprenn i storslalåm i Adelboden. Knappe to månader seinare kleiv han eit trinn opp på sigerspallen, også då i storslåm på norsk heimegrunn i Kvitfjell i Øyer.

Den 1. desember 1996 vann Stiansen sin einaste siger i verdscupen. I Breckenridge i delstaten Colorado rende han ned til siger i slalåmtevlinga. Høgdepunktet for Stiansen kom då han tok gullmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1997 i italienske Sestriere. Han vann framom franskmannen Sébastien Amiez og favoritten Alberto Tomba, som på «heimebane» vart vist til tredjeplassen. Året etter vart han nummer fire i slalåm under vinter-OL 1998 i Nagano.

Stiansen heldt fram å tevle i alpinløypene fram til 2005. I perioden 1996-2004 fekk han med seg sju pallplasseringar i verdscupen i alpint (1-2-4), dei to fyrste kom i storslalåm, dei fem siste i slalåmtevlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar