Tora Mosterstong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tora Mosterstong (norr. Þóra Morsturstöng), òg kalla Thora Mostaff, var ei frille av Harald Hårfagre. Saman med Harald Hårfagre fekk ho sonen Håkon den gode (Hákon Aðalsteinsfóstri), som var konge i Noreg om lag 935–961. Han vert rekna som eit uekte barn, av di Tora ikkje var gift med Harald Hårfagre.

Snorri Sturluson skriv i soga om Harald Hårfagre at Tora kom frå Horda-Kåre (Hörða-Kára) si ætt frå Moster:

«Då kong Harald var innpå sytti år, fekk han ein son med ei møy som heitte Tora Mosterstong; ho var ætta frå Moster. Ho var av gode folk og var skyld med Horda-Kåre. Det var ei storvaksen jente og overlag vakker. Dei kalla henne tenestjenta til kongen. Den gongen var det mange som laut tene kongen, men var av go ætt; både karar og kvinner.»

Ifølge Snorre skal Tora ha ønskt at kongen sjølv skulle ausa vatn over ungen deira og namngje han. Ho for difor med skip frå Moster og nordover mot Seim, der Harald heldt til. Men ho fødde før dei kom fram, på ei helle som blei kalla Håkonshella, og det blei Sigurd jarl som auste vatn over barnet, og kalla han opp etter far sin, Håkon Ladejarl.

Medan Håkon var liten budde han i lag med mor si på kongsgarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]