Torleiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torleif)
Gå til: navigering, søk

Torleiv og Thorleif er mannsnamn, av norrønt Þorleifr. Namnedelane viser til guden Tor og 'arving, etterkommar'. Namnet har ei rekkje skrivemåtar.

Torleiv har namnedag den 27. november i Noreg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet hadde ein topp på popularitetskurven i Noreg i 1920-åra, bruken av namnet har gått jamt attende sidan andre verdskrigen.

  • I folketeljinga frå 1801 var nær 40 som var innskrivne med namneformene Thorlev, Torlef, Torleif, Torlev, Torlew, flest i Nordland og Troms. Langt fleire (vel 1450) var innskrivne med namneformene Taale, Taalev, Tolaf, Tolaif, Tolef, Toleff, Toleif, Toleiv, Tollaf, Tollef, Tolleff, Tollev, Tollif, Tolliff, Tolliv, Tolllef, Tollof, Tollov, Tolluf, Tollæf, Tolløf, Tolof.
  • I 1900 var det meir enn 2200 personar som var listeførte med namneformene Thorlef, Thorleif, Thorleiff, Thorleiv, Thorlejf, Thorlejv, Thorlev, Torlef, Torleif, Torleiff, Torleiv, Torlejf, Torlejv, Torlev. Nær 1400 var innskrivne med namna Taale, Taalef, Tolef, Tolev, Tollaf, Tollef, Tolleif, Tolleiff, Tolleiv, Tollev, Tollof, Tollov, Tolluf, Tollæv, Tolløf, Tolløv, Tolløw
  • I 2008 var det 576 som hadde Torleiv som første fornamn, 1574 som heitte Torleif, 42 som heitte Thorleiv og 1092 som heitte Thorleif. Formene Tollef/Tollev/Tolleiv/Tolleif haddde i alt 227 brukarar, mens det var 14 menn som heitte Tåle.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]