Tortumfossen

Koordinatar: 40°39′25″N 41°39′31″E / 40.65707°N 41.65861°E / 40.65707; 41.65861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tortumfossen i februar
Tortumvatnet i februar

Tortumfossen er ein av dei mest kjende naturattraksjonane i Tyrkia og ligg ved Tortumsjøen i distriktet Tortum, 100 km nord for Erzurum i Aust-Anatolia.

Innsjøen er 8 km lang og 1 km brei og vart danna av eit stort jordras som blokkerte dalen som Tortumelva renn gjennom. Samstundes danna raset utløpet til elva, som her dannar fossefallet med ei høgd på 48 meter. Såret i fjellsida Kemerlidağ etter raset er framleis godt synleg.

Tortumfossen var den største fossen i Tyrkia, men etter Tortumdammen og eit vasskraftverk vart bygd i 1960. Fossen får no berre vatn frå overflodsvatnet og eksisterer berre i periodar med mykje nedbør eller under snøsmeltinga i mai og juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

40°39′25″N 41°39′31″E / 40.65707°N 41.65861°E / 40.65707; 41.65861