Totalitarisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Totalitær)
Karikatur med temaet totalitarisme (frå Moderaterna)

Eit totalitært regime, eller totalitarisme, er ei styreform der regimet prøver å kontrollere flest mogleg personlege, økonomiske og politiske aspekt av livet til befolkninga.

Benito Mussolini var den første til å bruke omgrepet totalitært med ei positiv vinkling for å beskrive sitt eige diktatur. Eit kjenneteikn for totalitarisme er statens totale krav på statsborgarane sine.

Eit totalitært system skil seg dermed ikkje berre frå demokratia, men òg frå autoritære system, ved at det ikkje berre slår ned på opposisjonelle rørsler, men også krev aktiv og positiv oppslutning om regimet både i det private og det offentlege livet. Formålet vil dermed vere å gjennomføre store endringar i heile samfunns-strukturen, og ikkje berre å halde på makta.

Totalitære system har vore tufta på ulike ideologiar og målsetjingar, til dømes:

Verktøya som makthavarane nyttar i slike regime er hemmeleg politi, propaganda og undertrykking av all open kritikk mot regimet, ofte gjennom terror. Formålet vil ofte vere å få alle til å underkaste seg éin ideologi, eitt parti eller éin leiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]