Stalinisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stalinisme er ei nemning på den forma av «realsosialisme» som Josef Stalin gjekk inn for og praktiserte. Det råder delte meiningar om kva tid stalinismen tok slutt som styreform i Sovjetunionen eit standpunkt er at det skjedde i og med Khrusjtjovs «hemmelege tale» ved den tjuande partikongressen i 1956, medan andre hevdar at stalinismen opphøyrde først i og med perestrojka og Mikhail Gorbatsjov.

Sjølv fann Stalin opp omgrepet marxismen-leninismen. Omgrepet stalinisme vart først bruka av Lazar Kaganovitsj, Stalin sin nestkommanderande på byrjinga av 1930-talet. I dag blir ordet «stalinisme» ofte bruka som skjellsord for alle typar av autoritær sosialisme. Særskilt trotskistar brukar omgrepet om tradisjonelle kommunistiske rørsler.

Stalin sa seg å vere inspirert av marxismen og leninismen, men visse borgarlege og sosialistiske debattørar hevdar at Stalin sin «realsosialisme» meir kan samanliknast med fascisme enn sosialisme[treng kjelde].

Kjenneteikn på det ein kallar stalinisme er mellom anna eittpartistat, persondyrking, byråkratisk sentralisme, altså ei sterk sentralisering av makt, og brutal undertrykking av kritikarar og politiske motstandarar.

Stalin sin versjon av kommunisme har påverka og inspirert blant anna Raude Khmer og Mao Zedong. Stalin sitt portrett hang i Kina attmed Karl Marx, Friedrich Engels og Vladimir Lenin til langt inn på 60-talet. Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao har tidlegare vorte kalla dei fem store, eit omgrep som er mindre i bruk i dag.

Kjelder: Svensk wikipedia, art. stalinism.