Transitiv relasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Transitive verb

Ein binær relasjon R over ei mengd X er transitiv, viss det gjeld for alle a, b og c i X, at dersom a er relatert til b og b er relatert til c, er òg a relatert til c. I predikatlogikk skriv ein

\forall a,b,c \in X, a R b \wedge b R c \Rightarrow a R c.

Døme på transitive relasjonar er «er større enn» og «er lik»: Viss a > b og b > c, så er òg a > c, og viss a = b og b = c, så er a = c.

Ein transitiv relasjon som òg er refleksiv og symmetrisk vert kalla ein ekvivalensrelasjon.

Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.