Transport for London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til Transport for London. Alle einingar under etaten har same logo i forskjellige fargevariasjonar

Transport for London (TfL) er den offentlege etaten som har ansvar for transportsystemet i London. Etaten gjennomfører transportpolitikken til byen og forvaltar dei transporttenestene som borgarmeisteren i London har ansvar for. TfL blir leia av eit styre utnemnd av borgarmeisteren, som òg er formannen i styret.

TfL opererer blant anna bussane i London, undergrunnsbanen, trikkar og elvebåtar. Etaten har òg ansvar for 580 km med hovudvegar, alle dei 4.600 trafikklysa i byen og regulerer drosjeindustrien.