Tregleikskraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tregleikskraft ei tilsynelatande kraft, utan motkraft, som svarar til den snøggleiksendringa (akselerasjonen) ein lekam har fordi rørsla til lekamen blir angjeve i tilhøve til eit rom som er akselerert, t.d. roterer.

Eit døme på dette er ei jernbanevogn som går i ein sving. Inne i vogna vil lekamar helst røre seg rett fram fordi dei har tregleik. Frå innsida av vogna vil det difor sjå ut som om det verkar ei kraft som trekkjer lekamane til side. Ei slik fiktiv «sentrifugalkraft» blir kalla tregleikskraft fordi han kjem av i tregleiken til lekamen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]