Tremolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tremolo er i musikk ein særs rask repetisjon av ein tone, med visse unntak byte mellom to tonar. På ein fiolin er tremolo ein vanleg spelestil for å gjere tonen kjenslemessig og på mandolinen er tremolo den vanlegaste spelestilen.

Tremolo-teknikken vert òg ofte nytta av gitaristar og bassistar innan den ekstreme metallmusikken.

Fysisk er tremolo ein amplitudemodulering av ein tone, til skilnad frå vibrato som er frekvensmodulering av tonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]