Treskjenespor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treskjenespor med sporveksel i Odawara i Japan. Dei to sporviddene er 1 067 mm og 1 435 mm.
Treskjenespor som består av smalspor og normalspor, ved Jenny utanfor Västervik i Sverige.

Jernbane med kombinert sporvidd eller treskjenespor er jernbanespor som gjer det mogleg for tog med ulike sporvidder å køyre på det same sporet, slik at ein slepp å legge separate spor for kvar sporvidd ved sidan av kvarandre. Dermed er slike spor både plass- og økonomivenlege. Den vanlegaste typen av jernbanespor med fleire sporvidder er treskjenespor, der dei to ytre skjenene gir breiare sporvidd medan ei av dei ytre skjenene og den indre skjena gir ei smalare sporvidd. Dermed er ein av de tre skjenene den same for all trafikk. (Denne ordninga må ikkje forvekslast med ei elektrisk tredjeskjene (straumskjene).)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!