Trussamfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trussamfunn er ei gruppe kjenneteikna av ei sams tru, som regel innan ein viss religion. Det kan visa til større og mindre religiøse grupper, som kyrkjelydar, kyrkjesamfunn eller andre grupper.

Norske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har omgrepet «trussamfunn» eller «trudomssamfunn» vore nytta sidan 1970 for å visa til organiserte grupper som kan få statleg støtte om dei oppfyller krava i Lov om trudomssamfunn.

Det er vanleg å skilje mellom trussamfunn og livssynssamfunn, slik at omgrepet livssyn og livssynssamfunn berre dekkjer dei sekulære (ikkje-religiøse) livssyna. Men i prinsippet kan eit livssynssamfunn («trudomssamfunn») definerast som ei organisert gruppe av personar med i hovuddrag same synet på om det eksisterer ein eller fleire guddommar eller ikkje, med same synet på menneskelivet og på lagnaden etter livet, og så bortetter, og soleis femner om både sekulære og religiøst forankra livssyn og livssynsgrupper. Human-Etisk Forbund vert soleis ofte rekna som eit livssynssamfunn som utgjer ein motsetnad til eit trussamfunn, samstundes som forbundet òg er eit «trudomssamfunn» som får statleg stønad i samsvar med Lov om trudomssamfunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Trossamfunn» (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. juni 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]