Trylleformlar i Harry Potter-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Ein oversikt over trylleformlar i Harry Potter-serien av J.K. Rowling.

Innhaldsliste
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z

A[endre | endre wikiteksten]

Absurdulum (eng: Riddikulus)[endre | endre wikiteksten]

Trylleformelen tvingar ein hambuse til å skifte til ei form som trollmannen finn morosam. På denne måten blir hambusen ikkje lenger farleg og gjer det mogleg for trollmannen eller heksa å ta livet av hambusen. Formelen blir fyrste gong brukt i Harry Potter og fangen fra Azkaban der han er ein del av skoleundervisninga i forsvar mot svartekunster. I denne boka blir det vist at latter er den mest effektive måten å gjere det av med ein hambuse når han fyrst er blitt ufarleggjort.

Apporto (eng: Accio)[endre | endre wikiteksten]

Tilkallingsformel som hentar ein namngitt gjenstand på magisk vis til den som uttalar formelen. Blir brukt fyrste gongen i Harry Potter og Ildbegeret. Namnet på formelen i engelskversjonen av bøkene er latin for eg tilkallar. Det norske namnet kjem frå det franske ordet apporter som tyder å bringe eller å ha med seg. Ordet «apport» blir også brukt på norsk som ein kommando når ein ber ein hund hente noko.

Formelen blir i bøkene vist å kunne brukast på to måtar, anten ved å retta tryllestaven mot objektet ein vil ha henta til seg og deretter seia apporto, eller berre heve tryllestaven, seia apporto og deretter namnet på gjenstanden ein vil skal apporterast.

Aquamenti (eng: Aqamenti)[endre | endre wikiteksten]

Formel som får tryllestaven til å sprute vatn. Den er sett saman av latin aqua som tydar vatn, og menti som betyr å hugse. Formelen blir fyrst introdusert i Harry Potter og Halvblodsprinsen.

H[endre | endre wikiteksten]

Hardio (eng: Duro)[endre | endre wikiteksten]

Ein formel som brukast til å gjere blaute ting harde som stein.

Hexohistorico (eng: Priori Incantato)[endre | endre wikiteksten]

Ein formel som kan brukast for å sjekke kva for ein trylleformel som sist blei brukt av ein tryllestav. Når denne formelen blir kastet på ein tryllestav, vil den vise fram eit ekko av formelen den sist blei brukt til. Hexohistorico liknar formelen Hexus Historicus (bakvendt-effekten), som oppstår når to tryllestavar med same kjerne blir forsøkt brukt mot kvarandre. Det engelske namnet er sett saman av det latinske «priori prius», «tidlegare», og det engelske ordet «incantation», «besvergelse», som ogso kjem frå latin.

Humanum exponerio (eng: Homenum revelio)[endre | endre wikiteksten]

Ein formel som brukast for å sjekke om det finst menneske i nærleiken. Hermine Grang brukte denne i sjuande bok, for å sjekke om det var menneske i Grimolds Plass 12.

Hindrio[endre | endre wikiteksten]

Formelen brukast fyrst i Harry Potter og Ildbegeret når Harry Potter lauper frå ein dødseter. Formelen hindrar folk frå å laupe frå ein.

Hexus Historicus (eng: Priori Incantatem)[endre | endre wikiteksten]

Dersom to tryllestavar med same kjernematerial kjemper mot kvarandre har ein det ein kallar «Hexus Historicus». Det går ut på at den eine tryllestaven tvingar fram skuggar av tidlegare brukte trylleformlar frå den andre staven. Dersom denne forbindelsen er i gang vil ein sjå to sterke lysande, gullstråler som gjer at dei to tryllestavane blir sameint og eigarane deira blir omsluttet.

L[endre | endre wikiteksten]

Lumos[endre | endre wikiteksten]

Skildring: Dannar eit ljos i tuppen av tryllestaven.

Lumos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]