J.K. Rowling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
J.K. Rowling utanfor Det kvite huset
Dato: 5. april 2010

Joanne Rowling (fødd 31. juli 1965 i Chipping Sodbury), gift Murray og kjend under pseudonymet J.K. Rowling, er ein britisk forfattar og skaparen av bokserien om trollmannen Harry Potter. Rowling er i dag busett i Edinburgh, Skottland.

Forfattarskapen har gitt henne store inntekter; Forbes anslo i februar 2004 formua hennar til 576 millionar britiske pund, noko som gjer ho til den fyrste forfattaren som har vorte dollarmilliardær og den niande rikaste kvinna i Storbritannia. Rowling er slik blitt rikare enn dronninga.

Innhaldsliste

Oppvekst [endre]

Rowling er fødd i Chipping Sodbury i South Gloucestershire, sør i England.

Karriere [endre]

Rowling skreiv først to romanar for vaksne, som til no ikkje er blitt gjevne ut, før ho fekk ideen om Harry Potter under ein firetimars togtur. I følgje henne, var allereie ein god del av personane samt det meste av plottet for første boka, Harry Potter og de vises stein, uttenkt idet toget rulla inn på stasjonen. Ho byrja å skrive i lunsjpausane sine og heldt fram med å arbeide med manuskriptet medan ho underviste i engelskEncounter English School i Oporto i Portugal. Etter eit mislykka ekteskap drog ho tilbake til Storbritannia med dotter si og fullførte boka i Edinburgh. På denne tida var ho arbeidslaus og levde berre på velferdsytingar.

J.K. Rowling

Den første boka om Harry Potter vart ein braksuksess. Avkastinga har gjort henne svært rik, og i 2001 nytta ho provenyet til å skaffe seg ein herskapsbustad frå det nittande hundreåret ved breidda av elva Tay i Perthshire i Skottland. Her gifta ho seg med Neil Murray i 2001, som ho har tre barn med.

I 2012 gjorde Rowling det kjent at ho skulle skrive ei ny bok, og at denne skulle bli «annleis enn Harry Potter-serien». Seinare vart det kunngjort at den nye romanen, som vart skriven for vaksne, skulle heite The Casual Vacancy, på norsk Den tomme stolen.

Utgivingar [endre]

Harry Potter-serien [endre]

Andre barnebøker [endre]

Vaksenbøker [endre]

Kort historie [endre]

Artikkelar [endre]

Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

Bakgrunnsstoff [endre]