Tsjernobylsonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°18′0″ N 30°0′18″ E
Tsjernobylsonen
ukrainsk Зона відчуження Чорнобильської АЕС
Sperre- og katastrofeområde
none  Ein av inngangane til Tsjernobylsonen
Ein av inngangane til Tsjernobylsonen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kiev oblast
Rajon Ivankiv rajon, Poliske rajon, Narodytsji rajon
Grensar til Kviterussland
Byar Tsjernobyl, Prypjat, Poliske
Landemerke Kopatsji, Raudskogen
elv Pripjat
koordinatar 51°18′0″ N 30°0′18″ E
Areal 2 600 km²
Folketal Nokre få hundre
Grunnlagd 1986
Strålingskart over Tsjernobyl frå 1996
Strålingskart over Tsjernobyl frå 1996
Wikimedia Commons: Chernobyl disaster
Nettstad: http://www.dazv.gov.ua/en/

Tsjernobylsonen (ukraninsk: Зона відчуження Чорнобильської АЕС) er det offisielle sperreområdet kring atomkraftreaktoren som eksploderte i 1986.[1]. Området vert òg ofte berre kalla Sonen.[1] Sonen vart oppretta kort tid etter katastrofen i 1986 av det sovjetiske militæret, først i ein radius på 30 km kring atomkraftverket. Det vart opphavleg sett under militær kontroll,[2][3]. I dag dekkjer sonen eit mykje større område og vert styrt av Beredskapsdepartmentet i Ukraina. Sjølve atomkraftverket og sarkofagen som dekkjer den øydelagde reaktoren vert styrt separat.

Sperreområdet dekkjer eit område på kring 2 600 km²[4] i Ukraina kring Tsjernobyl atomkraftverk der den radioaktive forureininga frå nedfallet er størst og offentleg tilkomst og busetjing er avgrensa. Sonen grensar til Kviterussland i nord.

Føremålet med sperreområdet er å avgrensa tilkomsten til farlege område, redusere spreiinga av radioaktiv forureining og utføre radiologiske og økologiske overvakingar.[5] I dag er området eit av dei mest radioaktivt forureina områda i verda og trekkjer til seg stor vitskapleg interesse på grunn av dei høge strålingsdosane som er påførte miljøet, samt ein aukande grad av turisme.[6]

Geografisk dekkjer sonen dei nordlegaste rajonane (distrikta) i Kiev og Zjytomyr oblast i Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Petryna, Adriana (2002). Life Exposed: Biological Citizens after Chernobyl. New Jersey: Princeton University Press. ISBN 978-0-691-09019-1. 
  2. Marples, David R. (1988). The Social Impact of the Chernobyl Disaster. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-02432-0. 
  3. Mould, R. F. (2000). Chernobyl Record: The Definitive History of the Chernobyl Catastrophe. Bristol, UK: Institute of Physics Publishing. ISBN 0-7503-0670-X. 
  4. Bondarkov, Mikhail D.; Boris Ya. Oskolkov, Sergey P. Gaschak, Sergey I. Kireev, Andrey M. Maksimenko, Nikolai I. Proskura, G. Timothy Jannik (2011). «ENVIRONMENTAL RADIATION MONITORING IN THE CHERNOBYL EXCLUSION ZONE - HISTORY AND RESULTS 25 YEARS AFTER». US: Savannah River National Laboratory / Savannah River Nuclear Solutions. 
  5. «Decree of the President of Ukraine № 393/2011 On approval of the State Agency of Ukraine of the Exclusion Zone». 6 April 2011. http://dazv.gov.ua/en/index.php?option=com_content&view=article&id=68:decree-of-the-president-of-ukraine--393-of-april-6-2011-qon-approval-of-the-state-agency-of-ukraine-on-the-exclusion-zone-managementq&catid=75:osnovn-zavdannya-ta-normativno-pravov-zasadi-dyalnost&Itemid=154. Henta 23 April 2012. 
  6. «Postcard from hell», The Guardian, 18 October 2004, http://www.guardian.co.uk/world/2004/oct/18/nuclear.russia, henta 25 April 2012