Tsjuvasjar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjuvasjane (tsjuvasjisk чӑваш) er dei som snakkar tsjuvasjisk, med kjerneområde i Tsjuvasjia, ein republikk i Russland.
Ved folketeljinga i 2010 vart det registrert 1 436 000 tsjuvasjar i Russland.[1] Om la 814 800 av desse budde i sjølve den tsjuvasjiske republikken, resten for det meste i Tatarstan, Basjkortostan og Samara oblast. Det bur og ein del tsjuvasjar i Kasakhstan.
Tsjuvasjane snakkar tsjuvasjisk (men dei som bur i byar, kan russisk òg). 1 043 000 menneske oppgav at dei meistra tsjuvasjisk i 2010.[1]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010