Tatarstan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Respublika Tatarstan
Tatarstan Respublikası  
Tatarstan sitt flagg
Tatarstan sitt våpen
Tatarstan sitt flagg Tatarstan sitt våpen
Tatarstan på kartet over Russland
Hovudstad Kazan
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 47.

67 836 km²
6,4 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 8.

ca. 3 786 400[1] (2010)
ca. 55,8/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Povolzjyje
Regionsnummer 16
Offisielt språk Russisk, Tatarsk
President Rustam Nurgalijevitsj Minnikhanov
Nasjonalsong Tatarstans hymne
Tidssone UTC +0300
Tatar03.png

Tatarstan (tatarsk: Татарстан Республикасы eller Tatarstan Respublikası; russisk: Республика Татарстан eller Татария) er ein delrepublikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. Han er 68 000 km² stor og har 3 786 400 innbyggjarar (2010). Republikkens hovudstad er Kazan. President er Rustam Minnikhanov.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er om lag like stor som Hedmark, Oppland og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. 16 % er skogkledd.

Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er -14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.

Republikken har store oljeressursar.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[1]

Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tatarstan